![]() |
|
Hemnes Snøscooterforening.www.hemnes-scooter.no |
| www.hemnes-scooter.no/Makalaust ved Målvatnet |
Fra arkivet.
Hemnes Snøscooterforening har i mange år tatt funksjonshemmede og pensjonister med på tur. Dette referatet er skrevet fra en tur 28. april i 1991, jubileumsåret til foreningen, av Jan Gaute Buvik. Referatet ble sendt til Rana Blad men de kunne ikke trykke det på grunn av "uhøvelig språk" sa redaktør Svein M Svendsen. Vi har skrevet det rett av så her er mange dialektord men jeg syntes referatet var så bra at vi må ha det med. JH
Makalaust ved Målvatnet. Frå utflukt til fjells 28. april 1991. Tredje året på rad hadde scooterforeninga i Hemnes bedd med seg medlemmar av revmatikerlaget til en retteleg fjelltur. Med turledar Bjarne Austerslått i spiss samlast femten fjellsugne freskingar, med solbriller og krem i sekken, til møte med velbudd vertskap, losa av Harald Falmår. Køyredoningar som til ei kongeferd, mat og drikke høvande til. Og med Guds gode veret attåt, vart det ei oppleving, retteleg ein fagnadsdag. Snølaget var tynt, men brukande, alt til ein kjem gjennom tunet til Skruvnagelen. Her har sola bråna og bredd, no gnaurar sand under meiane. Men sanneleg har ikke scooterkarane funni snø og moka han til ei kjøyrande stripe oppover. Liss-Målvatnet søv. Her er som ein blånande dåm all liene innover. Aust under berga kviler også fjell-garden enno, med snø på jordene. Ein breivenga fugl bryt stilla med eit håst hauk. Likevel, her er fleire ute og fer i dag. Dei lagar låt. Opp brattpallane til Stor-Målvatnet et seg ei rei med knurrande maskin-dyr. Dei dreg tungt og hiver etter pusten. Skyar frå avgassane riv i nasen. Larmen heng att i øyregangane. Det blir slik, men må og være slik, skal en koma fram her i verda. Og opp har dei tenkt seg, dei femten som skrale til beins har takka ja til skyss. For fjellet vil dei oppleva i dag, så vidt og vakkert. Store bårer breier seg ut over dette vatnet. Kraftrøyrene syg ut brevatnet som mergsaft. Heile ti meter ned no. Og stålisen buktar seg over knauser og dalar. Det er slik, men må og vera slik, skal en få rein kraft inn i heimane. Slik tenkjer dei, og slik talar dei, når dei no sit benka til små-kaffe i hyttene til nokre av scooterfolka. Sanneleg veit dei å ta vare på dette minnet og. Ho Elfrida Jakobsen, eldst i laget, dreg fram reint et klenodium: fotoapparat av godt tysk merke. Styggamalt, men i fullgod stand. Ho siktar inn Måltinden fra verandatrappa. Skal ikke glømma den her turen, nei! No er det tid å sjå innover til Kvitsandan. I perlerad ligg farkostar etter kvarandre innover vatnet. Det duvar på isbårene, men kjølvatnet ligg. Slik er det å fara vatnet vinterstid. Under eit lågt berg ligg ein steinur så overlag høveleg til. Sørvendt og nært til elveosen. Her er plassen ferdiglaga: bord og sete, ryggstø og armlene. Gruesteinar og kokkestell. Alt vel ordna av naturen sjøl. – Her kryr dei seg utover alle som ein. Finn seg eit godt rom , sett seg retteleg i godstolen. For no er vi her nett som i eventyret seier ho Jensine Valla. Ho er først framme med sol-oljeflaska. Da bers det for dei at her er ikkje mindre enn fire søstre med i laget! Dei sessar seg i breidd og fortel så villig om mangt fra barne og ungdomsår: baking og sauming, koking og stell. Men vi har også vårt å stri med på gammaldagan, meiner Gudrun Boldermo, Jenny Andersen, Arna Ottermo og Nelly Skreslett. Det er føtene. Eit kne som har svikta. Ei hofte som måtte skiftast. Men humøret! Her er breie smilen, og skjemten kjem så lett til. Det kvitrar og ler all ura bortgjennom. Dei sannar med, alle turfolka: Eit overhendig tiltak, ei velgjerning for oss – ta oss med hit ut, til lyset, til varme solsteiken, og ei fjell-luft som så merkeleg stille berre glir framom og friskar opp innvendug. No skal her etast! Og tru berre ikkje det blir brødskalken med brunosten. Dei tar fram kjelar og kar, takker og krus. Her blir eit matgilde så ein må stø seg på steinbenken etterpå. Men da er dei der, vertskapet: - Skal det ikkje vere ein påtår? Etterkvart bakar sola hardare under bergveggen. Dei løser plagga og slepp strålane til. Ungdommane er mest heilt snau ein vending. Praten går om vist og gale. Om barkebrødstider, da folka hogg furu her oppe, om fjellgardane ved vatnet, som i meir enn to hundre år var drevne. Og kva med han Gulle, skjerparen, han som fann malmen i Bleikvasslia, døydde ikkje han her oppe? Klippmannshågen, der fann han grava si svensken frå Klippan. Her er historie og sagn kvart nes og kvar dal innetter. Nils Nermark, gammellensmannen, veit å fortelja mykje frå desse traktene. Dei rører på seg. Må sjå utover grusauren, sjølve Kvitsandan. Utruleg med stein. Men – ingen skatt vart funnen i dag. Det vart snakk om at etter så mykje traktement tok det til å bli naud om plassen – og kva gjer ein da? Her var liksom ikkje innreidd til ”offentlig avtrede” Det susar og surklar annleis under meiar og belte på heimveg. Sola har fare hardt men snøen. Siste aprildagane er også sesongslutt for scooterfolket. Og kan henda er det best slik. Så kan dei dei to-føtte, fir-føtte og vengborne ha naturen for seg sjøl ei tid. Det kan trengast, det og? Jan Gaute Buvik
Må bare referer fra innspillet som politidirektoratet har skrevet til DNs lovforslag. Virkelighetsoppfatningen er tilstede? "Det er ofte snakk om tøffe og krevende miljøer som er villig til å gå langt for å unndra seg kontroll og JH
|
| Websiden opprettet 15. mars 2003 | Design og foto: Jan Holmstrand Ansvarlig redaktør:Gaute Andersen |
Siden oppdatert : 11.01.2008 |